Brytinga mellom bruk og vern av natur – ein ny NMBU-profil?

Åsmund Bjørnstad,professor i planteforedling (UMB, snart NMBU)

 

20.12 blogg Bjørnstad

Kan NMBU lyfte fram sin naturbrukstradisjon som ein type biologi der natur og menneske er ein heilskap, ulik den vi finn på dei andre universiteta?

Eg brukte nyleg ein ettermiddag på Norli og bladde igjennom lærebøker i biologi og naturfag. Langt dei fleste byggjer på det eg vil kalle ein abstrakt biologi der “urørt” er bra, i balanse og “reint”, men det meste av menneskeskapt (bortsett frå medisinar og p-pillar) blir assosiert med skadeverk. Ein amerikansk “wilderness”-modell blir brukt på eit kontinent med nesten berre kulturpåverka landskap. Slik biologi er abstrakt fordi den er umogleg å knytte til vår faktiske situasjon – 60% av landjorda er dyrka jord eller beite! Ni milliardar i 2050! Den har ikkje andre svar på «berekraftig utvikling» enn innskrenking eller freding. Ven eller uven av ulven? Denne biologien har sett seg i lovverk og skuleverk – eklatant vist då Miljødirektoratet nyleg erstatta ordet “dyrka mark” med “kunstmark».

Kva om vi la vekt på heile lina frå urørt til inneslutta natur (bioteknologi, fermentorar, enzym…)? Kunne det samle og gje NMBU ein tydeleg profil? Brytinga mellom bruk og vern går gjennom dei fleste faga, frå veterinærar til landskapsarkitektar og ingeniørar.

Vår faktiske biologi er at vi ikkje kan forstå stoffstraumane på Jorda utan å ha med produksjonen av mat og fiber – på godt (mat, fiber) og vondt (knappe ressursar, ureining) ; at husdyravl og planteforedling er fullgode delar av evolusjonsbiologien, ikkje noko “kunstig»; at hagekunst har skapt “tenkte” landskap som vi alle treng; at urørt natur og biomangfald er umisselege verdiar, men kanskje inga overordna norm?

Vi kunne møte interessa for matkultur og urbant landbruk og på sikt auke forståinga for den faktiske biologien, den som før var allmennkunnskap, blant folk flest. Og fremje ein biologi som skaper nye næringar og teknologiar utanfor landbruket – slik NMBU jo gjer.

Korleis gjer vi så dette? Ein overordna profil på nettet der alle kursa er som før, er ikkje nok. På ExPhil lærer studentane om ulike natursyn, men kva nedslag har det i ulike studieprogram? Kva har mitt studium å seie for verdas matforsyning, vern av artar, grøne byar? Kan eksempel frå husdyr, akva, korn, park, ost bli brukt også i «reine» biologikurs? Treng studieprogramma ein litt større valfridom for å få med denne breidda? Trengst det uskrivne lærebøker?