PlanCoast – eit tverrfagleg prosjekt

 

Det har lenge vore eit mål for forvaltning av kystsona at denne skal skje på ein heilskapleg eller integrert måte. Altså at dei ulike styringsnivå og sektorar så langt som råd skal arbeida saman for å få til ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av kystsona. PlanCoast startar opp no i 2016 nettopp for å studere utvalde problemstillingar som gjeld forvaltning i kystsona i Noreg i dag. For i kva grad lukkast vi med ei slik heilskapleg eller integrert forvaltning av kystsona? Prosjektet søker å svara på nokon viktige utfordringar forvaltinga må ta omsyn til i bruk av hav-, sjø- og landressursane. Her skal eg lista opp dei fire hovudutfordringane prosjektet tek tak i. Utfordringane prosjektet søker å svara på forklarer også den tverrfaglege samansetninga av forskargruppa vår, og kva kompetanse vi gjer bruk av.

For å kunne seia noko om ein lukkast med ei slik heilskapleg og integrert kystsoneforvaltning i dag, er det ikkje nok å kunne reglane som styrer planleggingsverksemda, eller på den andre sida kjenna behovet for planlegging i kommunane i kystkommunane. Ein må ha kunnskap om begge deler.

Dei erfarne samfunnsvitarane i prosjektet, Kjell Harvold, Arne Tesli og Knut Bjørn Stokke, vil derfor som ein første del av arbeidet vårt kartlegga både status for forsking på heilskapleg forvaltning i kystsona og norske tilhøve, og ikkje minst gjera områdestudiar av korleis planlegging i kystområda føregår i praksis i dag. Den eine områdestudien finn stad i Hordaland for særleg å få fram utfordringane kring planlegging i område med akvakultur. Den andre i Vestfold for særleg å ta føre seg spørsmål som reiser seg som fylgje av turistnæringa.

Ei hovudutfordring for ei vellukka heilskapleg forvaltning av kystsona er, her som elles, at ein må få til eit velfungerande samspel mellom den lokale planlegging i medhald av plan- og bygningslova og sektorlovene. For å driva akvakultur må ein få løyve frå fiskeristyresmaktene. Løyve skal i utgangspunktet vera i samsvar med eksisterande planar. Løyve kan likevel gjevast i strid med plan om planstyresmaktene seinare gjev samtykke til dette. Ei openbar utfordring for ei heilskapleg forvaltning av kystsona. For å sjå på desse utfordringane skal eit lag med juristar, Catherine Banet, Ingunn Elise Myklebust og Katrine Broch Hauge, med ulik kompetanse og ein statsvitar, Martin Lund-Iversen, ta føre seg både dei juridiske rammene, og det faktiske samspelet mellom aktørane når nye anlegg for akvakultur og energitiltak i kystsona blir etablert.

Ei anna viktig utfordring for ei heilskapleg forvaltning i kystsona er utviklinga med etablering av nasjonalparkar også i kystsona. Her spelar det seg ut andre spørsmål som fylgje av eit verneregime som tradisjonelt er brukt i lite folketette område no skal nyttast i pressområde ved sjøen. Eit anna spørsmål er korleis ein skal få til ei forvaltning der ein ser områda innanfor nasjonalparken og utanfor i tilstrekkeleg god nok samanheng. Desse spørsmåla vil forskarar med bakgrunn frå naturbasert reiseliv og kystsoneforsking, Jan Vidar Haukeland, Knut Bjørn Stokke, og ikkje minst våre svenske samarbeidspartnar Marie Stenseke frå Gøteborgs Universitet, sjå nærare på.

Ei siste hovudutfordring i prosjektet er tilhøvet mellom planlegging og eksklusive rettar. Planlegging i kystsona får verknader for utøving av eksisterande rettar. Eksklusive rettar i denne samanhengen kan vera korleis det naborettslege vernet blir påverka av planar og endra aktiviteter i kystsona, tildelte konsesjonar til akvakultur og ikkje minst bruk av land og sjøområde på tradisjonelle måtar. Kva rettsleg vern har til dømes kystfiskaren i dag mot etablering av ny akvakultur eller anna endra bruk av område som fylgje av akvakultur. Til å svara på nokon av dei viktige utfordringane i dette farvatnet har prosjektet ei gruppe juristar leia av Endre Stavang med erfaring frå ulike delar av naturressursretten. Her skal det også tilsetjast ein vitskapleg assistent kvart av prosjektåra som fordjupar seg i desse spørsmåla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *