Forskingsleiarar på tur med akvakulturforvaltninga

Professor Ingunn Elise Myklebust ved UiB

Leiar i PlanCoast  og leiar i Govland har 29. – 31 mai har vore saman med akvakulturforvaltninga på tur med Fjordline til Danmark. Hauge har presentert PlanCoast for forvaltninga. Myklebust har halde føredrag om ansvarsdelinga mellom stat, region og kommune ved planlegging i sjø.

Frå Fiskeridirektoratet  ved Anne Osland fekk vi høyre eit interessant innlegg om det store arbeidet med utviklingstillatelsar til næringa.  Ein teknologi det er søkt om løyve til å nytte er dei sokalla «egga». I fylgje Marine Harvest er det særleg lus og rømmingsteknologien ein søker løyst på denne måten (lenke).

Visste du for eksempel at dei nye «egga» som er planlagt brukt i akvakultur er neste like høge som Sotra-brua? Egga er ca. 44 meter høge, og som for eit isfjell vil ca. 1/3 av dette vera over vassoverflata. Marine Harvest har fått fire løyve å nytta «Egget» frå Fiskeridirektoratet. Det vart opprinneleg søkt om 14 løyve frå selskapet, og det er varsla om at dei vil klaga på vedtaket.

 

Katrine Broch Haug
Katrine Broch Hauge studerer anlegg for østersoppdrett.

I andre innlegg vart det sett søkelys på at vi har lite kunnskap om påverknad frå akvakultur på sjøauren. Spennande var det også å høyra om planlagde oppdrettsanlegg i ferskvatn. På turen har vi også  fått drøfta praktiske problemstillingar med forvaltninga. Mellom anna har vi drøfta behovet for meir forsking på fiskehelse og matlov.

I Danmark besøkte vi også eit forskingssenter i Limfjorden, Dansk Skaldyrcenter (lenke) som arbeider med skjelloppdrett og utforskar andre former for havbruk. I eit forskingsprosjekt utforska dei korleis, dei alt for mange, sjøstjernene i Limfjorden kunne nyttast til hønefor! På senteret kunne vi også fylgja prosessen med oppdrett av østers frå start til slutt.

Alt i alt tre dagar med mykje input for oss i PlanCoast og Govland,

 

Ingunn og Katrine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *